– Kva er dette for noko?
For tredje gong denne kvelden må vi spørje kva det er vi får i oss. Det ser unekteleg flott ut på tallerkenen, men maten er blitt ordknapt avlevert, og ingen av oss er opplært i telepatisk kommunikasjon med verken kelnerar eller kokkar.
Det som ser ut som små peparkorn i forretten, er visst krispa kapers, medan både kjørvel, multer og kjeks er fin ekstrainformasjon å få om desserten.
Men det viktigaste er vel at det smakar godt?
Tøff konkurranse for Palmen
Den rare norske hotellrestauranten.
Ein del hotell verkar som dei berre må ha tilbodet, og mange stader er berg- og dalbane-faktoren høg. Du kan plutseleg få ein glimrande hamburger, medan lakseretten er oversteikt og desserten har stått i kjøleskapet heile dagen.
I mange år har min hugseregel vore: Skal du bu på hotell i Noreg, bør du ete middag utanfor hotellveggane – samme kor god frukosten er. Dei siste åra har derimot ei rekkje norske hotell fått sving på sakene.
I Stavanger flytta suverene Re-Naa inn på Hotel Victoria i 2019, Bare Restaurant har nådd nye høgder inne på Bergen Børs Hotel, medan Speilsalen har fått unison hyllest etter at Britannia Hotel i Trondheim nyopna i 2019. Det er restaurantar for dei verkeleg store høva.
Også i Oslo ser nivået ut til å sjå oppover. Nykommaren Savage har hausta applaus i lokala til hotellet Revier, medan thai-favoritten Plah har inntatt nyopna Sommerro. Det er ingen grunn til at tradisjonsrike Grand Hotel ikkje skal kunne konkurrere med dei to – spesielt når dei sit på lokalet til ærverdige Palmen Restaurant.
Restauranten fyller 110 år i år, noko både lokalet og innreiinga ber preg av – på best mogleg vis.
Takk for tipset
Det startar litt treigt.
Vi får både bordet vårt og menyar kjapt, men så blir det stille. Vi landar raskt på trerettaren deira med oksecarpaccio, skrei og noko dei omtaler som oransje cremeux. Eitt godt glas kvitvin kan gå godt til, tenkjer vi.
Svolten er stor denne kvardagsettermiddagen, så den heller lange ventetida blir raskt frustrerande. Etter mange minutt og endå fleire lange blikk mot kelnerane, får vi til slutt kontakt – og då er hjelpa god.
Våre tankar om mat og vin blir tatt imot, men kelneren meiner vi bør velje ein billegare kvitvin – då den kom til å passe betre. Vi takkar for rådet, og endar opp med ein grei fransk kvitvin i Brocard Chablis (2021).
Feitt og friskt hos Palmen
Vi ventar heldigvis ikkje lenge på mat.
Eg trur kelneren oppfattar at vi er svoltne, og brød og smør kjem raskt på bordet. For 15 år sidan hadde dette brødet og smøret vore heilt der oppe, men mellom fabelaktige brødservingar på restaurantar i seinare år, blir dette berre heilt OK. Vi er blitt bortskjemde, rett og slett – éin av «syndarane» er for eksempel nyleg omtalte Hot Shop på Rodeløkka.
Ikkje lenge etter kjem den første av tre rettar. Oksecarpaccio frå svart angus blir akkompagnert av sylta pærer, fermentert kvitlauk, parmesan og ruccola. Og, ja, krispa kapers – som gir eit ekstra sting.
Underteikna er ein uttalt tilhengar av biff tartar, og det er lenge sidan førre gong carpaccio hadde blitt fortært. Så dette sjeldne møtet er velkomment – og glimrande.
– Perfekt syre, godt krydra og heilt perfekt til kvitvinen, kommenterer middagsfølgjet.
For henne, som er litt mindre glad i tunge tartarar, er retten alt det ho ønskjer seg av ein forrett med kjøt. Det er ikkje for tungt, ikkje for lett, og smakane går perfekt saman. Dei sylta bitane av pære er heilt perfekte i retten.
Så nær, så nær…
Praten går livleg i dei luftige lokala hos Grand Hotel. Vi er tidleg ute på ein kvardag, men det er overraskande mange folk til stades i den overdådige restauranten.
I menyen kan ein velje mellom to hovudrettar: Skrei eller lammerygg. Når skreisesongen er på høgda, blir valet enkelt for begge to. Omnsbakt skrei med kamskjell, bruna smør, bakt polenta, blomkålpuré og Champagne velouté (les: lys saus med Champagné).
Kombinasjonen av omtalen og den glimrande forretten, sender forventningane i taket.
På bordet får vi noko som ser glimrande ut. Som sunnmøring med slekt i Nord-Noreg, er godt tilberedt fisk noko sjølvsagt. Lukka er dermed stor når eg finn ut at skreien er flott steikt. Det eine kamskjellet har derimot fått litt for lang tid i panna.
Verre er det at retten manglar sting. Den steikte fisken saknar både salt og pepar, i tillegg til at heile retten skrik etter meir syre. Smakane er gode, men trynar på målstreken. Det bruna smøret tilfører feitt, men det blir likevel ein liten nedetur.
– Det er så dumt når skreien er så perfekt tilberedt, seier følgjet.
– Og kamskjellet er kanskje litt overflødig?
– Ja, og bakt polenta blir aldri meir enn bakt polenta, svarer følgjet.
Gjetteleik med vakker utsjånad
Underteikna får ei heil kanne med kaffi, ikkje berre den eine forventa koppen. Ei fin nok overrasking rett før desserten: Oransje cremeux. Kva er det for noko? spør du kanskje. Det blir ein slags fransk pudding med nydeleg tekstur – på Palmen servert som eit lite kakestykke.
Men igjen blir retten servert utan forklaring frå kelnerane, og denne gongen manglar vi mykje informasjon. Det skal altså vere «oransje cremeux» med kvit sjokolade, fenikkelmousse og yoghurt- og dolceis, men her smakar vi veldig mykje meir.
Multer blir raskt plukka ut som ein sentral, nydeleg smak, før vi får det stadfesta etter å ha spurt. I tillegg gir kjørvel eit nydeleg, lakrisaktig sting, medan ein søt kjeks gir ekstra tekstur i kvar bit.
Informasjonen manglar kanskje, men desserten er prima.
– Fyldig og kjempefrisk. Denne var på høgde med carpaccioen, kommenterer følgjet.
– Og heilt perfekt til kaffien.
Rekninga kjem ikkje lenge etter, og prisen er ikkje avskrekkande. 1850 kroner for tre rettar med gode råvarer, samt eit glas kvitvin per person. Dersom hovudretten hadde levert til fulle, hadde eg tilrådd denne trerettaren til mange, men enn så lenge finst det betre alternativ til prisen.
Du kjem likevel ikkje til å forlate Palmen med ei dårleg kjensle – og du kjem til å vere mett.
Vurdering av Palmen Restaurant:
Mat:
Restauranten har fått mange dårlege eller halvvegs karakterar i norske medium i seinare år, så forventningane var så som så. Gitt det utgangspunktet leverte restauranten. To av tre rettar var glimrande, men den viktigaste skuffa dessverre litt. Samla sett blir det uansett eit solid måltid.
Miljø:
Palmen restaurant liggar nær resepsjonsområdet, men langt nok unna Karl Johans gate. Det er eit fabelaktig lokale, fullt av historie, sjølv om det blir bittelitt skjemt av ei opa løysing mot eit barområde. Vi blei plassert like ved inngangen og barområdet, utan at det skapte nemneverdig trøbbel – i alle fall på ein kvardag. Lydnivået er passe, med høgt under taket og roleg musikk over høgttalarane. Med 110 år historie, inne på eitt av dei mest fasjonable hotella i Noreg, er det ei flott restaurantoppleving.
Pris:
760 kroner for tre rettar er heilt greitt, men det finst fleire restaurantar i Oslo med like gode trerettarar til nær ein hundrelapp mindre. Prislappen på 1850 kroner for mat til to, kvar sitt gode vinglas og kaffi, er likevel verdt det. Til info: Verdien for pengane er utan tvil betre enn på Grand Café – den andre restauranten på Grand Hotel. Du får kanskje meir vin i glaset på Grand Café, men maten er meir samleband-prega. Så gå for Palmen Restaurant – om du må velje inne på hotellet.
Terningkast: 4
Litt meir syre, salt og finesse i hovudretten, og dette måltidet hadde vore svært minneverdig. For smakane er gode, og du blir heilt klart mett – berre finpussen manglar. Når servicen berre er heilt OK, blir den samla karakteren litt over middels. Vi sit igjen med kjensla av at restauranten hoppar langt, men at nedslaget manglar.
Pluss:
Gode smakar heile vegen.Kort og konsis meny – fin trerettar til lunsj og middag, gode à la carte-moglegheiter.Skryt til kelner for å tilrå billegare vin enn den vi første spurte om.Palmen restaurant er enkel å finne fram til – uansett kor ukjend du skulle vere i Oslo.
Minus:
Litt treig service, sjølv om det tok seg opp. Mangel på informasjon om maten. Eit par ekstra hakk med salt og syre må til.